Tribune Media | |||
| |||
| |||
Skipa | 1847 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 2019 | ||
Hovudkontor | Chicago | ||
Land | USA | ||
Produkt | fjernsyn | ||
Nettstad | http://www.tribunemedia.com/ (engelsk) |
Tribune Media er eit tidlegare amerikansk mediekonsern grunnlagt i 1847, med hovudkontor i Chicago i Illinois. Selskapet åtte avisene Chicago Tribune, Los Angeles Times og The Hartford Courant, baseballaget Chicago Cubs og ein radio- og TV-stasjon. I tillegg er Tribune Media deleigar i TV-selskapet The WB Television Network.
Gjennom Tribune Broadcasting var Tribune Media eit av dei største fjernsynsselskapa i USA. Det åtte 39 fjernsynsstasjonar over heile landet, og dreiv tre til gjennom lokale kontraktar (local marketing agreement). Det åtte kabelstasjonen WGN America, den regionale kabelnyheitskanalen Chicagoland Television (CLTV) og den Chicago-baserte radiostasjonen WGN. Det hadde også eigarskap i verksemder som Food Network.
Før sal av Tribune Publishing i august 2014 var Tribune Media det andre største avishuset i landet etter Gannett Company, med ti dagsaviser, mellom dei Chicago Tribune, Los Angeles Times, Orlando Sentinel, Sun-Sentinel og The Baltimore Sun, og fleire tabloidtitlar.
I 2007 blei verksemda, som hadde store lån, kjøpt opp av investorar. I 2008 gjekk Tribune Company fallitt i den største konkurssaka i amerikansk medieindustri.[1] Etter restrukturering kom det ut frå falitttprosedyren i desember 2012.[2] 3. desember 2018 annonserte Nexstar Media Group at det skulle fusjonera med Tribune Media etter at det hadde kjøpt det for 4,1 millionar dollar.[3] Den største fusjonen av kringkastingsselskap i amerikansk historie blei godkjend i 2019,[4] og fullført 19. september.[5][6][7]